torsdag 3. desember 2009

Jula er i gang

Litt meir festivitas når ein skal tenne julelysa her enn det er på julegrantenninga i Straumgjerde...!


                                             Før tenninga


                                            under tenninga..


                                        etter tenninga.



Så no når gode gamle George Washington er opplyst, er juletida i gang!


Ha ei god adventstid!



The Lifestyle

Thanksgiving er ei av dei største høgtidene amerikanarane har. Hjå mange er den faktisk viktigare enn jula! Thanksgiving blir feira den fjerde Torsdagen i November, og er basert pilegrimane sin første hausttakkefest i 1621. Dette året omkom halve kolonien av den kalde vinteren, men likevel blei det eit år med god avling og mykje mat. Difor samla dei seg til eit storslått måltid på seinhausten og takka Gud for for alle naturens gåver.

I dag feirar amerikanarane denne høgtida med eit storslått kalkunmåltid, og eg var så heldig å bli invitert til å få oppleve denne høgtida med ein familie i Towson: Rene, Silva og dottera deira, Thea, som er 4 år. Før me starta å ete, skulle alle takke for noko. Det kom litt brått på, men eg fekk lira av meg noko. Eg er jo takknemlig for så mykje!

Etter middag, øl og kaffi og ein spasertur, gjekk eg og Rene, som er trompetist i Baltimore Symphony, ned i kjellaren for å øve litt. 

Å vere musikar er ikkje ein jobb. Det er ein livsstil. Ein utrulig artig livsstil. Min lærer Andy seier heile tida: “It’s important to live the right lifestyle to become a great musician. You have to sleep a lot, eat a lot, practise a lot, work out, and hang out with cool people.” Det er dette eg prøvar å gjere i år, og denne thanksgiving-feiringa innebar vel alt av lifestylen. Sett vekk frå søvinga då…


Laurdag 28. November gjekk eg inn i dei eldres rekker og runda 22 år. Det var ein herlig solskinsdag. Klokka 09.00 blei vekt av eit sekkepipeorkester som marsjerte forbi huset mitt. Eg kan ikkje seie at eg elskar sekkepiper, men eg liker å tru at det var meg dei spelte for, so la gå. Eg laga meg ein god omelett til frukost, og sette meg ned ved pc’en og blei sittande der lenge og snakke med familie og venar. Utrulig kjekt å bli huska på av so mange! Klokka tre blei eg invitert på ekte amerikansk pannekake- middag, noko som eg synes var utruleg godt. Eg åt til eg trudde eg skulle sprekke og litt til. Etter ein kaffikopp gjekk eg heim å tok ein middagskvild. Ein kan vel ikkje gjere noko fornuftig når ein har gebursdag, kan ein? På kvelden prøvde eg å samle saman ein del venar for å gå ut å ta ei øl, men det viste seg at dei fleste var heime med familiane denne helga for å feire thanksgiving. Likevel blei vi ein liten gjeng, og eg hadde ein utruleg kjekk guttekveld på byen!


I går, onsdag 2. Desember var eg på THE MALL. Eit kjempesvært kjøpesenterkompleks med alt ein kan tenkje seg. Eg fann nokre julegåver, og litt klede til meg sjølv. Etterkvart skulle eg ta bussen tilbake til Baltimore, men eg klarte å gå på feil buss. Inga stor krise, sidan denne også gjekk til Baltimore downtown, men den kaure igjennom eit av dei verste neighborhooda i byen, og det er verkelig gale. Eg har aldri vore så redd. Eg var den einaste kvite på bussen. Gatene var fulle av brennande tønner, nedbrente hus og gjenspikra vindauge. Folk sto i gjengar midt i gatene, og bar synelege våpen. Eg beit tennene saman og trøsta meg med at bussen er kameraovervåka og trygg, så eg kom meg heldigvis heim til slutt. Men neste gong skal eg ta buss nr. 11. ikkje buss nr. 8! 

I kveld startar julestrida for fullt då washington monument christmas lightning skal tennast. Det er vist eit vakkert skode, som inkluderar eit stort fyrverkeri. Dei sparar ikkje på krutet, amerikanarane.


     Utsikta frå leiligheta den 1. Desember...



onsdag 25. november 2009

Handletur

I dag har eg og Kenny, som og er trompetist, vore på ei lengre utflukt opp til Pikesville for å handle på Trader Joe’s. Trader Joe’s er ei lita matvarekjede som lagar sine eigne heiløkologiske varer, og dei har eit fantastisk utval av gode råvarer til ei mykje lågare prisklasse enn det ein finn i Baltimore City. No har eg fylt opp kjøleskapet og frysaren med ferske egg, mykje kjøtdeig, kylling og fisk, så no har eg middagar fram til jul. I tillegg kjøpte eg ein god del frukt og grønt, så livsstilen blir ekstra sunn dei siste to vekene før eg reiser heim. (Pappa; Banan og Eple av fantastisk kvalitet til rundt 4,50 kroner kiloen er billeg, sant?) Eg fann og skikkelig grovmjøl, so i morgon skal eg prøve å lage ei brøddeig. Det blir spanande.

For å kome til Trader Joe’s måtte me først ta t-bane i 25 minutt, for so å byte til buss. Vi var so smarte at vi reiste midt i rushtida, so alt tok mykje lengre tid enn planlagt. På reisa oppover brukte me faktisk nesten to timar, medan reisa ned igjen var unnagjort på 40 minutt. Ein lærer heldigvis av sine feil.

Det var uansett godt å endeleg finne skikkelege råvarer utan allslags rare tilsetningsstoff. 

I morgon skal eg og nokre vener opp til ein kamerat i Towson for å feire Thanksgiving. Har høyrt at han er ein fantastisk kokk, så det blir nok ein heilaften. Det blir kjekt å sjå kva denne høgtida gjeng ut på!

I går måtte eg takke nei til ein trevekers kinaturnè med eit amerikansk orkester i jula. Det blei for kort varsel, so eg fekk det ikkje til å gå opp med allereie lagde planar heime i Noreg. Det var ei tung og sur avgjersle, men det blir uansett godt med ei rolig jul heime på sunnmøre.

                                    Ein glad Kenny i ei rulletrapp ned..

                                         ...for å ta t-bana opp til...

                      ...trader joe's i Pikesville, der ein fornøgd Tomas fylde opp handlevogna for ein billeg penge. Eg blei ekstra glad då...

                                   ...eg fann norsk ost i kjøledisken!



Dette var ein fin måte å bruke ein regnfull Onsdags-ettermiddag på.

søndag 22. november 2009

Veke 47

Søndag er blitt den faste bloggskrivingsdagen, og her kjem ei lita oppdatering frå vekas begivenheiter på den amerikanske austkysten.

Det er ikkje mykje som minner om november her. Veret er stabilt nydelig fint, og det har vore fleire dagar med t-skjortevèr denne veka. Blir ein stor overgang og kome heim til Noreg på juleferie om vel to veke. Julestrida er i full gong, med juletre, lys og juletilbod, men eg klarer ikkje å forstå alvoret sidan veret er så bra. Kan ikkje sjå for meg ei jul med sol og 16 varmegrader. 

Fredag hadde eg ein dagstur til Philadelphia. Der gjekk eg først innom det store kjøpesenteret Macy’s. Ikkje for å handle, men for å sjå verdas største orgel $som utruleg nok er plassert der. Dette orgelet har 408 stemmer, noko som tilsvarar nesten 30 000 piper. Den største pipa er over 20 meter lang, og den minste på størrelse med ei knappenål. Orgelet er bygt over 6 heile etasjar langs sørveggen i bygningen, og er eit monumentalt syn. Noregs største orgel, som er i Nidarosdomen har til samaligning 120 stemmer.. Eg fekk høyre ei kort liten konsert på dette orgelet, men sidan kjøpesenteret var ope kunne ikkje organisten spele sterkt. Uansett var det heilt utruleg å høyre klangvariasjonane eit slik enormt instrument kan lage.

Etter ein liten time på kjøpesenteret gjekk eg for å høyre Mahler 7. symfoni med Philadelphia Orchestra. Var nok ikkje den beste konserten Philadelphia Orchestra har gjort, men eg kosa meg. Dei har ein fantastisk konsertsal i Kimmel Centre i Philadelphia! 

Elles har det ikkje skjedd så mykje spesielt denne veka. Eg lev livet, har mykje inspirasjon, og gler meg til å reise heim til Noreg for å møte familie og venar. På Torsdag er det thanksgiving. Det blir ei morosam oppleving. 

Ha det godt alle saman.


                                      Verdas største orgel. Eit vakkert skue.

                                                Philadelphia street view.

   

                           Baltimore 22. November. Ikkje mykje som minner om vinter her..  

søndag 15. november 2009

The City that Never Sleeps








I helga har eg vore i New York og hatt det heilt fantastisk. Det store høgdepunktet var konserten med Berliner Philharmoniker med dirigent Sir Simon Rattle i Carnegie Hall på fredagskvelden. Eg er mektig imponert over kor mykje kvar og ein av musikarane i dette orkesteret, som eg meinar er verdas beste, gir når dei er på scena. Der er ingen svake ledd. Alle er så utruleg fokusert, og har ei inderlig stoltheit av å få spele med dette orkesteret. Det høyrer en igjen i energien og presisjonen i alt dei spelar! Dirigenten var og imponerande, og dirigerte sjølvsagt heile programmet utanat. Han pirra musikarane til å gi endå meir, heile vegen, og gav solistane full tillit og moglegheit til å lede orkesteret i si eiga musikalske tolkning. Dirigentar er ofte kontrollfrikar, og vil ha kontroll over alt og alle. Etter mi meining gjer dette at orkestera høyres litt stivare og flatare ut. Musikk er jo noko alle menneske har i kroppen heilt naturleg, så kvifor ikkje lat folk få uttrykke seg. Mine favorittdirigenter er faktisk desse som ikkje gjer så mykje utav seg og stolar på at musikerane gjer jobben sin. 

Ein annan ting Sir Rattle gjorde var å halde dynamikken tilbake det meste av tida, og spare dei store høgdepunkta til der det virkeleg skal vere store høgdepunkt. Dette skapar ei enorm utblåsning, og dei taktene orkesteret spelte i full fortissimo denne kvelden er nok dei mektigaste taktene eg har haurt i mitt liv. Dei løfta meg ut av setet, og plasserte meg trygt tilbake, og tårene trilla.

No blei eg fryktelig emosjonell her, men eg håpar dykk skjønar mi begeistring. Musikk er jo følelsar!

Men for å ta helga frå starten av: Fredag morgon tok eg buss frå Baltimore, og var i New York rundt middag (når eg seier middag, meinar eg sjølvsagt klokka 12.00). Eg sette meg på t-bana, fann hotellet og sjekka inn. Det var det billigaste hotellet som var tilgjengeleg når eg bestillde, så komforten var ikkje det heilt store. Utanfor rommet mitt låg eit halvrote rottekadaver med tilhøyrande lukt, så det første eg gjorde var å late igjen vindauge og håpe på at stanken ville gje seg til kvelden.

Etter ein liten halvtime på auget gjekk eg for å møte ein kamerat til lunch. Han visste om ein japansk restaurant med tidenes lunchdeal! Sushi, oksekjøt, salat, ris, eggrullar, sausar i ei skjøn foreining. Det var himmelsk godt! Etter dette gjekk eg omkring i byen og såg meg om. Dette var fjerde gongen eg var i New York, men det er alltid nye plassar og utforske på Manhattan, sjølv om veret denne dagen var fryktelig dårleg. Etter nokre timar reiste tilbake til hotellet og gjorde meg klar for konserten. 

Eg møtte opp i Carnegie Hall i god tid, og sette meg inn i kafeen og fekk meg noko mat og mingla med eldre, velståande konsertgjengarar. Alle skryt over Noreg og kor mykje slekt dei har der, og spesielt svært er det at eg spelar eit instrument! Eg fekk nok mange stjerner i boka den kvelden.

Konserten var som sagt heilt fantastisk, sjølv om eg kunne ønske at eg hadde eit anna sete. Men når eg ringte og bestillde på måndag var det den einaste som var ledig, og då kunne eg ikkje takke nei. 

Merkelig det der; dei dårlegaste plassane, som eg meinar er nede på golvet, eller parketten som det heiter på fint, er dei dyraste. Dei plassane eg likar best, lengst mogleg opp og lengst mogleg bak i konsertsalen, er dei billigaste. Kanskje det er eit salstriks? At når ”fiffen” ser at parkettplassane er dei dyraste, kjøper dei desse plassane bere for å vise seg fram? Eg synes lyden der nede er ubalansert, og klangen for lys. I toppen, der eg likar å sitte er lyden mykje møkare, klarare og sentrert. I tillegg både ser og høyrer ein alle instrumentgruppene tydelig og godt. Eg er glad for at desse er billege eg.

Ein annan tanke: Kvifor betalar folk hundrevis av dollar for å høyre Berlin, for så å sovne under konserten? Han eg sat vedsida av, ein eldre herremann av kinesisk ætt, måtte eg ved fleire høve dulte borti for å vekke og seie hysj. Snorking og musikk er ein dårleg kombinasjon.

Etter konserten møtte eg ei bekjent frå Oslo med venar, som var på besøk i New York i helga. Var godt å få prate litt norsk igjen! Då eg kom tilbake til hotellet var rottelukta vekke, og eg fekk ei god natts søvn. 

Laurdag vakna eg tidleg og øvde litt på trompeten. Først med mute på rommet, so fekk eg etterkvart låne eit slags kott nede i kjellaren på hotellet. Etter det gjekk eg ut for å ete frukost. Fann ein kafé som serverte engelsk frukost. Det er så godt av og til, og ein kan leve på den i timevis! På dagtid laurdag veit eg eigentleg ikkje kva eg gjorde. Eg rusla omkring og såg i butikkar, handla litt, og plutselig var klokka fem. Eg reiste tilbake til hotellet og tok ein dusj, og gjorde meg klar for å gå på konsert med New York Philharmonic. Grunna lite tid åt eg på Burger King(Ø), og rakk konserten akkurat. Det blei faktisk ein liten nedtur å høyre New York denne kvelden. Dei hadde ein ukjent, ganske dårleg dirigent, og masse vikarar i orkesteret. Faktisk var det berre ein av stemmeleiarane som jobba denne veka, alle andre var alternerande og vikarar. Det seier vel mykje om kva dei syns om dirigenten trur eg. Men herlighet; New York er eit fantastisk orkester, og dei spelte mykje fin musikk(les: Sibelius 1. symfoni)

Søndag morgon tok eg t-bana ned til 52. gate og gjekk på gudsteneste i sjømannskirka. Det er alltid kjekt å kome dit. Masse kjekke folk, god mat, god kaffi og litt åndelig påfyll. Eg fekk endelig kjøpe meg to boksar makrell i tomat, og litt freia-sjokolade. Etter ein rask kyrkjekaffi sprang eg og rakk bussen akkurat. Etter tre timar var eg tilbake i Baltimore. No er nett ferdig med mitt første makrellmåltid i haust. Det er verdas beste pålegg. Utan tvil!

I dag må dykk høyre Brahms 4. symfoni, 1. Sats. Denne spelte Berlin i New York, noko so er ein av dei største konsertopplevingane eg har hatt! Dette er den siste symfonien til Johannes Brahms. Han brukte årevis på kvar symfoni, og var kanskje den største perfeksjonisten i musikkhistoria. Han forandra og forandra, og gav seg ikkje før han synest alt var heilt perfekt. Høyr på denne symfonien. Alt er så gjennomarbeida og symmetrisk. Ingenting er late til tilfeldegheitene her!

Ha ei fantastisk veke alle saman!

mandag 2. november 2009

Halloween

På laurdag var det Halloween. Det var ein utruleg kjekk oppleving. Tidleg på dagen gjekk alle ungane rundt frå dør til dør og spurte etter snop i kostymene sine, og Seinare på kvelden var det dei vaksne sin tur å feire. Eg var på Fells Point i Baltimore, som er ei av dei største Halloweenfeiringane i landet. Denne dagen var og gebursdagen til ein venn av meg som heiter Bryan. Difor møttes vi ein gjeng klokka 7 på ein restaurant og åt ein god middag og kosa oss i dei flotte kostyma våre. Eit par timar seinare gjekk vi ut på gata. Der var det stappfullt av galne, fulle folk i all verdas kostymer. Enorm stemning, og mykje leven. Folk seier at det er den største utedagen i Amerika, og eg blei fortalt at 2 – 300 000 menneskjer er på Fells point og feirar halloween. Etter å ha gått litt rundt omkring enda vi opp på ein privat fest til ein bekjent av ein bekjent eller noko. Der var det folk frå tre leiligheter i første etasje av ein bygard som hadde gått saman om å lage ein enorm fest. I tillegg til å føregå inne i dei tre leilighetene, var det laga og laga til i bakgarden med gratis øl og presenning til å halde regnet vekke. Utrulig at folk opnar heimane sine for 100 galne festlystne ungdommar. Men det var kjekt! Klokka eitt om natta fekk eg tilbod om transport heim, noko eg takka ja til då eg skulle ut å reise dagen etterpå. Eg fekk stille klokka ein time tilbake, slik at eg fekk ein velfortent time ekstra søvn. No er det vintertid i Amerika og!

 Eg synes halloween er ein festlig tradisjon. Det beste av alt er at den er så lite kommersiell. Ein treng verken sende halloweenkort, kjøpe halloweengåver eller synge halloweensongar. Du skal rett og slett berre vere galen for ein kveld, og ha ein kjekk fest. Eg trur alle har godt av det ein gong i blant.

Søndag var eg så heldig å få vere med til ein liten by i Maryland som heiter Frederick. Der skulle læraren min spele ein kyrkjekonsert med ein fantastisk organist. Klokka 11 tok vi fatt på den 45 minutts lange køyreturen, som faktisk mesteparten av tida føregjekk på den nest lengste motorvegen i USA; Interstate 70. Den gjeng frå Baltimore til California, ei strekning som tilsvarar svimlande 3484 km, noko som er nesten to gongar avstanden mellom Lindesnes og Nordkapp.

I Frederick møtte vi organisten og gjekk ut for å ete lunch. Vi hadde litt dårleg tid, men vi rakk å ete ein fantastisk treretter. Var ikkje så dyrt heller.

Konserten var i Calvary United Methodist Church, for ein fullsett sal. Eg var bladlus for organisten. Det var ein fantastisk konsert med masse kjent og kjær musikk for trompet og orgel. Etter konserten skulle alle helse på utøvarane, så stakkars Andrew og Felix måtte stå og snakke med fans i 2 timar. Til og med eg fekk mykje skryt for jobben eg gjorde. Eg var ein veldig stabil og dyktig notebladar. Det blir litt overfladisk spør du meg. 

Etterpå sat eg på med Felix tilbake til Baltimore. Min lærer Andy skulle ut å reise, så eg skulle passe hunden imens. Så Søndag kveld var Tomas ute på joggetur, med ein gal hund som lokomotiv, gjennom Baltimores gater. 

 No har kvardagsfreden senka seg igjen, og eg er i gang med øving og jobbing. Dagens musikktips er siste sats (Sehr behaglich) frå Gustav Mahler 4 symfoni med tilnamnet "Das himmlische Leben". Symfonien skildrar ei fantastisk reise til himmelen, og er ganske lett og delikat orkestrert i forhold til dei andre svære monumentale Mahler-symfoniane. Den siste satsen handlar om reisas mål: himmelriket. Sopransolisten syng om alt det vakre i himmelen, og alt er berre fryd og gammen. Oppbyggande musikk! Kos dokke!

Ha ei flott ny arbeidsveke!

Tomas

fredag 30. oktober 2009

Synsing

Eg er ein synsar. Eg syns noko om veldig mykje. Nokre ting synes eg om, og andre ting synes eg ikkje om. Eg synes synsing er ein bra syssel (flott bokstavrim der, unge Tandstad. red.) Det er viktig å ha meiningar om ting.

Eg syns at mat, øving og søving er det perfekte livet. Eg syns at eplejuice er godt, og at Stravinsky er ein fantastisk komponist. 

Eg syns at søppeldunkane har ein utruleg dårleg patent. Kvifor ikkje feste loket i motsett side, slik at ein slepp å snu den 180 grader kvar gong ein skal ut å trille på den? Mykje tid spart for både enkeltpersonar og søppeltømmarar (søppeltømmerar er jo sjølvsagt og enkeltpersonar, men du skjønar kva eg meinar).

Eg syns at svineinfluensaen er medieskapt skremselspropaganda. Eg synes at folk er for PR-kåte, og gjeng ut i media med alt mulig berre for å få sine minutes of fame. Kva er vitsen. Alle forståsegpåarar skal ut i media og fortelje kva dei trur om svineinfluensaen. Eg synes alle berre kan leve liva sine i fred og harmoni utan å tvinge dei innpå ein heil tv-slavisk nasjon. Eg kjem ikkje til å ta den vaksina. Eg synes ikkje om at nokre menneskjer skal kunne tjene milliardar av kroner på å lure andre menneskjer til å tru at svineinfluensaen er farleg og at alle må ta vaksine for å ikkje døy. Eg har aldri hatt problem med immunforsvaret, og har aldri tatt ei influensavaksine. Det er 10 år sidan eg hadde influensa sist, så difor syns eg ikkje at eg treng vaksine denne gongen heller. 

Eg tenker og på den lille familien i Colorado som gjekk ut i media å sa at ungen deira var fanga inne i ein heimelaga løpsk luftballong. Folk seier at all PR er god PR, men i denne saka, blant mange andre, er eg ikkje einig. Kva er god PR med å fortelje verda at ein sender sonen sin opp i ein luftballong daglig, og at den ein dag lausna frå festet, og han trudde ungen var inne i den? Han fekk vel kanskje nokre tusen for dette stuntet, men no er barnevernet kopla til saka, og det ser ut som at han må betale langt meir pengar i bøter enn han tente på denne heimelaga tragedien. Vel fortent spør du meg, og frykteleg dårleg PR.

Du syns kanskje at eg synsar litt for mykje no. Difor skal eg heller fortelje litt om livet i Baltimore:

Eg lev ikkje noko utprega spanande liv. Alt gjeng som det har gjort, og alt gjeng bra.

I morgon er det Halloween, og eg lurer framleis på kva eg skal kle meg ut som. Eg fekk eit godt tips om å kle meg ut som ein nonstop-pose. Eg var forberedt på dette, før eg plutselig kom på at dei ikkje har nonstop i Amerika. Då er heile vitsen vekk. Eg kjem nok på noko til i morgon, og eg gler meg veldig til å møte 400 000 andre utkledde menneskjer på Fells Point i morgon kveld. Eg kjem sjølvsagt tilbake med bilete når den tida kjem. Alle butikkar pyntar med graskar og lys no, og ein merkar at noko stort kjem til å skje i nærmaste framtid. I går var eg på konsert, og eg skal på den same konserten i kveld. Eg elskar symfonisk musikk.

Dagens musikktips er Igor Stravinsky’s Firebird Suite. Den har alt ein treng for å ha ein heilaften. Be amazed! Det hektiske blanda med det avslappa, ispedd dei mest geniale å nydelige melodiar ein kan tenkje seg. 

Dagens mattips er Kyllingwrap med sterk salsa, guacemole, sopp, ris, salat og løk. Nam.

Ei lita synsing til:

Eg syns folk skal bli flinkare å kommentere på blogginnlegga mine. Er det nokon der ute som i det heile tatt les det eg skriv?

Happy Halloween alle samen, og ha ei herlig helg i haustmørkret.

Tomas

tirsdag 20. oktober 2009

Rutiner

 Det er utruleg kor raskt ein kjem inn i nye rutiner. For seks veker sidan var ALT heilt nytt, og allereie no har eg eit rutinefyllt daglegliv i Baltimore. Det er nesten trist å seie det. Eg står opp klokka åtte, trenar ein halvtime, et frukost, og startar øvinga klokka ni. Klokka eitt gjeng eg ut  og finn på noko i ei par timar, før eg startar å øve igjen klokka tre. 

Eg har til og med greidd å venje meg til daglegvarene her borte. Du har sikkert høyrt at alt er så stort i Amerika. Og det stemmer. Sjampo kjem i literflasker. Du fer ikkje mjølk i mindre enn 2,2 literkartongar. Dei har ikkje vanleg ost (les: Norvegia), og ostehøvlane deira er kanskje ein av dei minst geniale oppfinningane eg har vore borti. Anten så øydelegg ein osten, eller så blir skivene 1,8 cm tjukke. Ø!

Det eg kanskje saknar mest av alt er makrell i tomat. Eg har ikkje sett noko som liknar ein gong! Eg har spurt familien heime om å sende nokre boksar, men det hadde vel blitt stoppa i tollen. Ein kan vel ikkje importere slike ting inn hit. Eller? Ein skikkeleg fiskemiddag hadde og vore godt, men legane på austkysten frårådar faktisk folk til å ete fersk fisk pga. forureining. Så det einaste eg et er sushi, og norwegian smoked salomon.

Veret er heilt utruleg. Det er full sommar igjen no. Temperaturen ligg på 23 grader, noko som er heilt uverkeleg for ein sunnmøring når kalendaren viser 21. Oktober. 

I går gjekk eg ein lang tur rundt om i byen og kosa meg i sola. Eg enda opp i ein park som heiter Federal Hill Park som har ei flott utsikt mot downtown Baltimore. Det er faktisk ein flott by! Eg legg ved nokre bilete under her.

I tillegg så har læraren min vore i Canada ei stund no, so det skal bli kjekt å få ein trompettime igjen i dag. Denne veka skal orkesteret her spele Beethoven, så dagens musikkanbefaling blir første sats av Beethovens 7. symfoni, Poco sostenuto – Vivace. Beethoven er komen langt i utviklinga av den symfoniske forma her (symfonien er skrive i 1911), noko ein spesielt høyrer i den unormalt lange innleiinga, før hovudtemaet kjem. Dette var banebrytande på denne tida, då det klassiske idealet etter Haydn og Mozart, med den klassiske sonatesatsforma blei sett på sem det einaste rette innan klassisk komposisjon. Beethoven var ein tøffing, og ikkje minst ein særing som jobba heile livet med å utvide denne forma, noko som gjer han til ein av dei viktigaste, og den mest banebrytande komponisten i musikkhistoria. Han var også den første frie komponist. Tidlegare komponistar var tilsett som komponistar og kapellmeistrar i hoff, kyrkjer eller hos fyrstar, og skreiv difor musikk på bestilling. Beethoven derimot fekk kunstnarlønn frå staten, og sto difor frtti til å komponere akkurat det han ville. Takk og lov for det! Kva hadde livet vore utan Beethoven. Så kjære lesar, legg deg ned på sofaen, ta deg ei øl, eit glas vin, eller kva anna du måtte sette pris på, og nyt eit kvarter med fantasisk musikk medan du reflekterer over livet og kor godt vi har det.

                                           Skarp sol, men ein flott dag.

                                                     Street view

                         Meg på toppen av Federal Hill Park, med ei fantastisk utsikt.

                                                  Ein liten kompis

                                                Baltimore City Hall

søndag 18. oktober 2009

Helg

I går var det Laurdag. Då møttes eg og ein kamerat klokka åtte om morgonen for ei lita treningsøkt før vi gjekk over gata til ein plass som heiter Howards for å kjøpe frukost. Verkeleg feite greier, men mette blei oss! Seinare reiste eg ned til downtown for og handle litt. Først kjøpte eg eit sårt etterlengta dusjforheng på ein butikk som heiter one dollar. Der kosta alt naturleg nok ein dollar. Dusjforhenget ser ut som ein tapet frå 60-talet, men med tanke på prisen er eg allikevel fornøgd med kjøpet. Eg gjekk også innom bestbuy på utkikk etter pc-høgtalera, men det første eg fann var ei radiovekkerklokke med dockingstasjon for iPoden min til $99.99. Det synes eg var billeg. Den måtte eg ha. Så gjekk eg bort til høgtaleravdelinga, og fann ei åpna kasse med eit par Bose-høgtalerar. $146.99. Alt for dyrt synes eg, så eg sa til ein ansatt: Sidan kassa er åpna, gir eg deg $200 for både vekkerklokka og høgtalarane. Det var greit. Eg spanderte på meg ein taxi heim, for eg synes at dette var eit meget godt kjøp. 

Med iPoden på nattbordet, kan eg via wi-fi våkne til norsk radio med vekkerklokka mi. Teknologien er utruleg. Klokka åtte i dag tidleg sa ei kjent å kjær radiostemme: "God dag, dette er NRK nyheter, klokken er 14." 

Det er ein flott søndag, temperaturen er ikkje på topp, men sola held på å skine igjøna skydekket igjen etter nokre dagar med friskt regnvèr. I dag har eg ingen konkrete planar, noko som er ganske herlig. 

I tillegg har eg bestemt meg for å gjere mitt for å spre den klassiske musikken ut til folket ved å anbefale eit verk til dykk i kvart blogginnlegg. Dagens anbefaling er 1. sats frå Anton Bruckners 5. symfoni. Gjerne innspelinga med Gewandhausorchester Leipzig og Kurt Masur(du finn den på spotify). Legg spesielt merke til den storslåtte introduksjonen i 1. sats. Dette er musikk som virkelig bygg meg opp og gir meg energi! Bruckner var ein høgromantisk komponist, og skreiv denne symfonien mellom 1875-1876. Det blir sagt at Anton Bruckner fer orkesteret til å høyres ut som eit orgel. Kva synes du?

onsdag 14. oktober 2009

Hausten nærmar seg

No merkar ein det i Baltimore og. Kveldane blir mørkare, og nettene kjøligare. No har eg nett kome inn etter eit liten spasertur og eit cafèbesøk. Det er ein kjølig haustkveld med litt duskregn. Eg likar det. 

Biletet til venstre er eit eg tok i kveld av det originale Washington Monument i Baltimore. Det stod ferdig i 1829, 65 år tidlegare enn det meir kjende monumentet i Washington D.C med same namn.

Og i går, etter nesten fem veker med venting, fekk eg endeleg internett i leiligheita. No er eg online! Endeleg kan eg lese norske aviser å sjå nrk web-tv. Om nokon vil snakke med meg, så er det berre å ringe meg på skype og slå av ein prat. Godt å sleppe å bekymre seg for høge telefonrekningar no. Forrige månad var nemleg ny rekord. 

I går var eg på ein restaurant rett bort i gata og åt sushi.   Det var ei enorm oppleving. Alt var så ferskt at det smelta på tunga. Eg har aldri smakt noko liknande. Og så mykje billigare enn i Noreg! Eg sat i sushibaren og bestilde medan eg åt, slik at eg heile tida prøvde nye bitar og nye smakar. Når eg var ferdig kom kelneren med rekninga og sa: "WOW! This is a lot of sushi for just one person! You must have loved it!" Eg tenkte ikkje over det, men eg hadde faktisk ete godt over 30 bitar.  Ja, eg elska det. Alt dette fekk eg for berre $20(ca 120 kroner). 


Kos dokke i haustveret!


Tomas

søndag 11. oktober 2009

Washington DC


Eg elskar å berre reise og oppleve ein ny by heilt åleine. Då får eg gå i akkurat det tempoet eg vil, og sjå og oppleve akkurat det eg vil. Dette gjorde eg i dag. Det var ein nydeleg søndagsmorgon, og eg satte meg på toget for den knappe 40 minutt lange togturen ned til Washington DC. 

Vel framme på Union Station, bestemde meg for å gå til the capitol og vidare ned til Licoln Memorial. Det såg ikkje så langt ut på kartet, men det tok søren meg nesten to timar! Men uansett så fekk eg sjå dei fleste av dei store turistattaksjonane, og eg fekk tatt ifrå meg alle bilda eg trengde. I tillegg fekk eg også med meg eit ekte militært marching band spele ein fancy versjon av nasjonalsangen. Dei hadde med seg ein skokk av fanstastisk flotte drillpiker, noko unge Tandstad sette stor pris på.

Sliten i haudet og føtene fann eg meg ein cafè og satte meg ned for å ete dagens lunch. Det blei Turkey Club Sandwich. Den var utruleg billig, men smakte igrunn hoggorm. 

Etter ein liten pause gjekk eg vidare for å finne John F. Kennedy Center of the Preforming Arts. Ein kan jo ikkje reise til ein ny by uten å høyre minst eit symfoniorkester! Utanfor møtte eg Tom. Han er ein fantastisk trompetist, og ein utrulig hyggelig fyr som spelar trompet i National Symphony Orchestra. Eg møtte han for første gong sist eg var i USA. Han sa at han hadde ein gratisbillett lunchkonserten deira om eg ville ha den. Selfølgelig ville eg det. Endå nokre bucks spart!

Kennedy Centre er eit utrulig fint bygg, med ein urulig stilfull og fin konsertsal, men dei er dessverre ikkje kjende for å ha den beste akkustikken. Uansett var det ein fin opplevelse, med masse fin musikk og god stemning. Etter konserten tok eg t-bana tilbake tilbake til togstasjonen og eg fekk tid til å sjå meg litt til omkring der før toget gjekk heim igjen.  

Ein ting er sikkert! Ein ser kor pengane i dette landet blir brukt! Washington var så rein, strigla og storslått. Der var politi overalt, og du følte deg trygg og passa på. Baltimore derimot, som var ein veldig velståande by for berre 40 år sidan, fremstend i dag som ein mykje tydelegare arbeidarby. Slike store skille har vi ikkje heime i lille Norge.

Uansett var det godt å kome tilbake til Baltimore. Eg trives her, og synes at her er utruleg mange flotte, koselige strøk, og mange kjekke folk. Og ikkje minst: Eg synes at Baltimore har eit mykje betre symfoniorkester enn Washington!

 Ha ei god ny arbeidsveke alle saman!

 Tomas

torsdag 8. oktober 2009

Torsdag morgon

Eg har kjøpt ny c-trompet. Ein Bach Stradivarius 259 med 25A leadpipe. No har eg levd eit tilnæma c-trompetfritt liv sidan Påske. Det har igrunn vore ganske godt, men no gler eg meg til å spele det igjen. 

No sit eg på donnas på Mt. Vernon Square og les Sykkylvsbladet. Akkurat det trur eg at eg er den første i verdenshistoria som har gjer. Eller? Veret er fortsatt bra, men ein merkar at hausten er på veg. Det blir ganske kjølig om natta. Heilt ned i 10 grader! Eg har høyrt mange hysteriske historier om vinteren her. Det kjem som oftast ikkje snøv, men når det først kjem snøv, om berre eit lite fjom, så stenger alle skular og barnehagar. Her meinar dei at det ikkje er trygt for ungar å vere ute når det snøvar. For nokre år sidan kom det faktisk heile 8 cm snøv på ei natt(ja?), og heile byen blei snudd på hovudet. Folk kom ut på gata med steikespader og tresleiver for å skrape vekk snøv frå bilane sine. Når dei kaure på jobb, sette dei ein sofa eller liknande ut i gata slik at ingen skulle ta parkeringsplassen som DEI hadde rydda for snøv iløpet av dagen.

Natt til i går blei 17 mennesker drept i Baltimore. Det betyr at det også i år kjem til å bli begått fleire drap i Balimore enn i New York, sjølv om New York nesten har ti gongar så mange innbyggarar. Heldigvis er godt over 90% av dei drepte her i byen vore involvert i kriminelle handlingar før, og då først og fremst narkotikakriminalitet. Det betyr at eg er nogen lunde trygg allikevel.

Så har eg fått meg ein trompetelev! Han heiter Ryan og er 30 år. Merkelig å skulle undervise ein som er 8 år eldre, men det gjekk heldigvis bra, bortsett frå nokre lengre kunstpausar der lærar Tomas måtte slå opp i ordboka for å klare å ytre meininga si. Det er faktisk ein del ord eg aldri har tenkt på kva er på engelsk.

No må eg tilbake å prøve å få fin lyd i trompeten. Det er ikkje kvar dag det er like lett.

Hels alle kjende!

mandag 5. oktober 2009

Indian Summer

No er vi midt i ein periode som blir kalla Indian Summer. Dette er som ein ny sommer etter den vanlige. I slutten av september er det som oftast ei par veker med regn og lågare temperaturar(ikkje at eg har merka så mykje til det), før det dei to første vekene i Oktober blir varmt og fint igjen. Dette er noko som skjer dei fleste år. Facinerande denne vèrgreia.   

 Akkurat no sit eg ute på Donnas’s å drikk ein iste. Her er det 23 varmegrader og strålande sol. Ein flott måte å starte oktober månad på! Eg høyrer rykter om at det både er hagl, sludd og regn heime, så akkurat no kosar eg meg på amerikas auskyst.

 I går var eg på Peabody Institute (konservatoriet i Baltimore) på ein masterclass med Joe Joe Burgstalle som er lærar der. Kjekt å møte mykje nye brassfolk. Egfortalde Joe at eg kom frå Noreg, og han spørte: ”Do you know Age Ostrem, then?”. Og ja, det gjer eg faktisk. Det viste seg at han og ein av lærarane mine i Stavanger, Åge Østrem, var gode venar. Endå eit bevis på kor lita verda er no til dags.

 I går fekk eg til og med lånt meg ein støvsugar for å få ta den første, og meget nødvendige reingjeringa av det store vegg til vegg teppet som dekker heile leiligheta mi (bortsett frå badet, heldigvis). Så dagens spørsmål blir: Kva er det med amerikanerar og vegg til vegg tepper? I Noreg er det eit skjelsord, men her er det det sværaste som fins. Når eg flytta inn i leiligheita mi så var det det første dei sa når eg gjekk over dørstokken ”Look at this nice wall to wall carpeting”. ”Yes, that’s probably comfortable in the winter” svarte eg. Ikkje tenkte eg på at her ikkje er skikkelege vintrar, men kva anna kan ein seie?

 Ellers så har eg fått ei lita forkjølelse. Eg trur klimaanlegget har skulda. Og i slutten av veka skal eg vaksinere meg mot fugleinfluensa. Vaksina kjem til byen i dag, og sidan eg er blant dei 3,8 millionane I Maryland som er faresona(faresona er alle mellom 0 og 25 år i tillegg til alle andre med nedsett almenntilstand), har eg førsterett på vaksine. Herlig!

Kos dokke i haustvèret. No skal eg heim å øve igjen.

Tomas

torsdag 1. oktober 2009

Litt bilder frå den første tida


Klar for avreise!


To glade sunnmøringar i New York

Meg i central park, New York


Stova mi.





Kjøkkenet mitt


Baltimore's inner harbour ein solskinsdag i slutten av september

Læraren min, Andy og kjærasten hans, Laura, på Donna's. Café'en eg sit på når eg ikkje øvar.

Meg på Mt. Vernon square, rett ved der eg bur.




Kjære lesar!

Over to veker har gått, og du har ikkje høyrt eit ord frå meg. Forklaringa er enkel: for det første har eg ikkje internett i leiligheta enda, og for det andre har eg ikkje klart å lade pc’en, då eg mangla eit spesielt adapter. Men no er eg her, og eg har det bra! Håpar å få internett i byrjinga av neste veke slik at eg kan oppdatere oftare.

Reisa til Amerika starta med ei natt på nattbussen til Oslo, før eg sat på Gardermoen å venta i fem timar på Flyet. Eg hadde eit flybytte i London før eg landa på Baltimore International Airport 19.30 lokal tid. Trur dette må ha vore den lengste dagen i mitt liv. Eg tok ein taxi inn til byen, og budde på hotell første natta då kontoret i bygninga eg bur i ikkje var ope på kveldstid. 

 

Onsdagsmorgonen var eg klar for å flytte inn i leiligheta, og blei møtt av tre hyggelige damer på kontoret som synes det var veldig svært å få ein nordmann i blokka. Dei viste meg alt eg trengde å sjå, og eg signerte alle papira eg trengde å signere. Endeleg hadde eg ein plass å bu. Det neste prosjektet var å skaffe møblar. Eg møtte Laura, som er kjærasten til Andy, som er læraren min. Ho hadde både ein sofa, ein stol og ei hylle til meg, GRATIS! Dette fekk eg henta same kvelden, slik at eg hadde ein plass å sove.

 

Torsdag reiste eg til New York for å høyre Mahler’s 3. symfoni med New York Philharmonic, noko som forøvrig var ein fantastisk opplevelse. Før konserten sat eg ved fontena på Lincoln Centre då eg haure på kav sunnmørsk: ”Nei, e du her, Tomas?” Det var Anders Farstad. Ein trompetist frå Volda som også hadde tenkt seg på konsert. Det er ei lita verd. Anders hadde med seg ein kamerat frå konservatoriet i Århus han spelar trombone. Vi tre nordmennene gjekk og åt middag før konserten, og ut på byen etter konserten. Ein svært hyggelig kveld.

Eg hadde også Fredag formiddag i New York. Ein fantastisk dag, som eg det meste av tida tilbrakte i Central Park. Eg likar denne byen berre betre og betre! 

Laurdag var eg tilbake i Baltimore. Ny by, nye moglegheiter. Eg kjende ingen her, så eg måtte finne på noko for meg sjølv. Eg bestemde meg difor for å reise på utforskningstur i eigen by. Eg visste frå før av at Baltimore er amerikas mest kriminelle by, så eg prøvde å vere veldig forsiktig, men allikevel klarte eg å rote meg inn i feil ”hood”. Der blei eg tilropt ting som ”screw you, fuckin’ white boy”, kvart tiande sekund, og snudde difor fort tilbake til tryggare omgivelsar. I ettertid fekk eg vite at der eg hadde vore var på absolutt feil side av byen, og at eg skulle vere glad som kom derifrå med helsa i behold. I denne byen bør ein eigentleg, spesielt på kveldstid, halde seg innanfor Charles Street, som er hovudgata, for å unngå å bli slått ned, eller i verste fall drept. Ei nyttig erfaring å ta med seg.

Søndag gjekk eg til kyrkje. Ein må jo få med seg ei ekte amerikansk gudstjeneste medan ein er her. Det var ei flott oppleving. Mykje meir meditativt enn i Noreg. Og eg må nemne organisten. Han kunne virkelig spele orgel!

Måndag fekk eg tak i fleire møblar. Ei dobbelseng og ein stol. Stolen kan slåast ut til ei enkeltseng. Desse amerikanerane altso. Eg var også på Donna’s (den lokale kaffibaren) og møtte læraren min igjen. Eit hyggelig møte. Han hadde vore heime i Milwakee å vore onkel ei veke. Vi avtalte å ta første speletime dagen etter, så eg måtte berre heim å øve slik at eg kunne kunne presantere noko for han utan å bli sendt heim til Noreg på dagen. Timen gjekk bra. For ein fantastisk musikar han er, og for ein behagleig å dyktig lærar! Han fokuserar mykje på det psykiske. ”To get into a flow”. Kunsten å utelukke alle tankar, bortsett frå ein ting; å spele fint. Han vil få meg til å synes at øving er det kjekkaste ein kan gjere, og få masse energi og stor tilfredsstillelse av det. Han fer meg til å skjøne meir og meir av korleis ein må tenke for å ha ein slik enormt anstrengande og krevande jobb som det er å vere solotrompetist i eit stort orkester. Ein må verkeleg ha ei psyke av stål, og det har han!

Onsdag var eg på IKEA. Eller som ein kamerat av meg så fint kallar det; IKØA. Akkurat det same som i Noreg og Sverige; ein stor blå lagerhall med masse møblar og billige kjøtbollar. Eg kjøpte bord, stolar, hylle, skrivepult, kjøkenutstyr og masse småtteri som eg aldri trudde eg trengde. Laura, som eg reiste med, var heilt sjokkert over kor eg fylde opp handlevognene, men det er utruleg kva ein treng når ein flyttar inn i ei ny leilighet utan nokon ting. Gildet kom på den nette sum av $666. Djevelens tal. Må nok gå til kyrkje fleire gongar under opphaldet mitt her, ja!

Ellers gjeng dagane sin gang. Eg øvar, et, søv, gjeng på cafè, høyrer konsertar, og har det igrunn som plomma i egget. Forrige Fredag haure eg Baltimore Symphony Orchestra spele Tchaicovsky 4. symfoni. Endå eit fantastisk godt orkester. Eg er i ekstase!

Eg har også fått oppleve min lærer som solist. Vi kaure til nabostaten Delaware, der han spelte ein konsert med piano på universitetet. Eg vil ha like fin klang som han!!

Snakkast snart igjen!


Tomas

tirsdag 28. juli 2009

Baltimore


Eit bilete frå Baltimore.. 

mandag 27. juli 2009

Eg har tenkt å gjer noko nytt. Eg har søkt permisjon frå alt som heiter universitet og konservatorium for å reise til USA, der er eg så heldig å få studere trompet privat med Andrew Balio i Baltimore. Eg var der ei veke i haust, og bestemte meg fort for at eg måtte tilbake.

Den 15. September reiser eg also over igjen, for å lære av ein av dei alle beste trompetistane og pedagogane vi har i 9 månadar. Gjett om eg gler meg!

Her vil eg skrive å legge ut litt bilete slik at den som vil får følge med på kva eg driv med. Baltimore ligg sentralt til på austkysten av Amerika, med korte togturar til alt det beste landet har å by på: Washington, Philadelphia, New York, Boston osv, så det blir nok mykje å oppleve for ein liten Sykkylving!

Eg skal gå på konsertar til eg døyr, bli inspirert, øve mykje, å forhåpentlegvis møte nokre nye, kjekke mennesker!