fredag 30. oktober 2009

Synsing

Eg er ein synsar. Eg syns noko om veldig mykje. Nokre ting synes eg om, og andre ting synes eg ikkje om. Eg synes synsing er ein bra syssel (flott bokstavrim der, unge Tandstad. red.) Det er viktig å ha meiningar om ting.

Eg syns at mat, øving og søving er det perfekte livet. Eg syns at eplejuice er godt, og at Stravinsky er ein fantastisk komponist. 

Eg syns at søppeldunkane har ein utruleg dårleg patent. Kvifor ikkje feste loket i motsett side, slik at ein slepp å snu den 180 grader kvar gong ein skal ut å trille på den? Mykje tid spart for både enkeltpersonar og søppeltømmarar (søppeltømmerar er jo sjølvsagt og enkeltpersonar, men du skjønar kva eg meinar).

Eg syns at svineinfluensaen er medieskapt skremselspropaganda. Eg synes at folk er for PR-kåte, og gjeng ut i media med alt mulig berre for å få sine minutes of fame. Kva er vitsen. Alle forståsegpåarar skal ut i media og fortelje kva dei trur om svineinfluensaen. Eg synes alle berre kan leve liva sine i fred og harmoni utan å tvinge dei innpå ein heil tv-slavisk nasjon. Eg kjem ikkje til å ta den vaksina. Eg synes ikkje om at nokre menneskjer skal kunne tjene milliardar av kroner på å lure andre menneskjer til å tru at svineinfluensaen er farleg og at alle må ta vaksine for å ikkje døy. Eg har aldri hatt problem med immunforsvaret, og har aldri tatt ei influensavaksine. Det er 10 år sidan eg hadde influensa sist, så difor syns eg ikkje at eg treng vaksine denne gongen heller. 

Eg tenker og på den lille familien i Colorado som gjekk ut i media å sa at ungen deira var fanga inne i ein heimelaga løpsk luftballong. Folk seier at all PR er god PR, men i denne saka, blant mange andre, er eg ikkje einig. Kva er god PR med å fortelje verda at ein sender sonen sin opp i ein luftballong daglig, og at den ein dag lausna frå festet, og han trudde ungen var inne i den? Han fekk vel kanskje nokre tusen for dette stuntet, men no er barnevernet kopla til saka, og det ser ut som at han må betale langt meir pengar i bøter enn han tente på denne heimelaga tragedien. Vel fortent spør du meg, og frykteleg dårleg PR.

Du syns kanskje at eg synsar litt for mykje no. Difor skal eg heller fortelje litt om livet i Baltimore:

Eg lev ikkje noko utprega spanande liv. Alt gjeng som det har gjort, og alt gjeng bra.

I morgon er det Halloween, og eg lurer framleis på kva eg skal kle meg ut som. Eg fekk eit godt tips om å kle meg ut som ein nonstop-pose. Eg var forberedt på dette, før eg plutselig kom på at dei ikkje har nonstop i Amerika. Då er heile vitsen vekk. Eg kjem nok på noko til i morgon, og eg gler meg veldig til å møte 400 000 andre utkledde menneskjer på Fells Point i morgon kveld. Eg kjem sjølvsagt tilbake med bilete når den tida kjem. Alle butikkar pyntar med graskar og lys no, og ein merkar at noko stort kjem til å skje i nærmaste framtid. I går var eg på konsert, og eg skal på den same konserten i kveld. Eg elskar symfonisk musikk.

Dagens musikktips er Igor Stravinsky’s Firebird Suite. Den har alt ein treng for å ha ein heilaften. Be amazed! Det hektiske blanda med det avslappa, ispedd dei mest geniale å nydelige melodiar ein kan tenkje seg. 

Dagens mattips er Kyllingwrap med sterk salsa, guacemole, sopp, ris, salat og løk. Nam.

Ei lita synsing til:

Eg syns folk skal bli flinkare å kommentere på blogginnlegga mine. Er det nokon der ute som i det heile tatt les det eg skriv?

Happy Halloween alle samen, og ha ei herlig helg i haustmørkret.

Tomas

11 kommentarer:

  1. Eg fylgjer med og les ja.Du er god å skrive.

    SvarSlett
  2. Takk. Det var kjekt å høyre. Hels Besta.

    SvarSlett
  3. Ej me les. Prøv å endre på innstillingane slik at anonyme kan kommentere, då bli de antakli en grand fleire :)

    SvarSlett
  4. Gjort d no då. Ingen so kommentera allikavel da :P

    SvarSlett
  5. Ha ei fin Halloween feiring.Det er ikkje så mykje slikt her.Berre småtteri i forhold til i Junaiten.

    SvarSlett
  6. Ja eg har høyrt at det gjeng ganske villt for seg. Ha ei fin feiring der heime og.

    SvarSlett
  7. Eg og les! Me hadde halloween i Paris og, då var eg Marie Antoinette. Er ikkje m&m-posen utan nøtter ganske lik nonstop-posten?

    SvarSlett
  8. Du seier noke der. Har du blogg? Eg vil sjå bilder av deg som Marie Antoinette.

    SvarSlett
  9. Jeg leser! og jeg SYNS det er en flott blogg!

    SvarSlett
  10. No har vi hatt høytlesning i Breivika med heile familien tilstades. Vi fekk adressa hit av far din som vi traff i 80-90-årslaget.
    Heile familien seier hei og tykkjer det var hugnadsamt å høyra kva du har hatt føre deg.
    Du skriv underhaldande.
    Helsing Børre og resten av den tjukkaste slekta ;-)

    SvarSlett
  11. Det var kjekt å høyre. Hels tilbake til alle saman!

    SvarSlett