mandag 2. november 2009

Halloween

På laurdag var det Halloween. Det var ein utruleg kjekk oppleving. Tidleg på dagen gjekk alle ungane rundt frå dør til dør og spurte etter snop i kostymene sine, og Seinare på kvelden var det dei vaksne sin tur å feire. Eg var på Fells Point i Baltimore, som er ei av dei største Halloweenfeiringane i landet. Denne dagen var og gebursdagen til ein venn av meg som heiter Bryan. Difor møttes vi ein gjeng klokka 7 på ein restaurant og åt ein god middag og kosa oss i dei flotte kostyma våre. Eit par timar seinare gjekk vi ut på gata. Der var det stappfullt av galne, fulle folk i all verdas kostymer. Enorm stemning, og mykje leven. Folk seier at det er den største utedagen i Amerika, og eg blei fortalt at 2 – 300 000 menneskjer er på Fells point og feirar halloween. Etter å ha gått litt rundt omkring enda vi opp på ein privat fest til ein bekjent av ein bekjent eller noko. Der var det folk frå tre leiligheter i første etasje av ein bygard som hadde gått saman om å lage ein enorm fest. I tillegg til å føregå inne i dei tre leilighetene, var det laga og laga til i bakgarden med gratis øl og presenning til å halde regnet vekke. Utrulig at folk opnar heimane sine for 100 galne festlystne ungdommar. Men det var kjekt! Klokka eitt om natta fekk eg tilbod om transport heim, noko eg takka ja til då eg skulle ut å reise dagen etterpå. Eg fekk stille klokka ein time tilbake, slik at eg fekk ein velfortent time ekstra søvn. No er det vintertid i Amerika og!

 Eg synes halloween er ein festlig tradisjon. Det beste av alt er at den er så lite kommersiell. Ein treng verken sende halloweenkort, kjøpe halloweengåver eller synge halloweensongar. Du skal rett og slett berre vere galen for ein kveld, og ha ein kjekk fest. Eg trur alle har godt av det ein gong i blant.

Søndag var eg så heldig å få vere med til ein liten by i Maryland som heiter Frederick. Der skulle læraren min spele ein kyrkjekonsert med ein fantastisk organist. Klokka 11 tok vi fatt på den 45 minutts lange køyreturen, som faktisk mesteparten av tida føregjekk på den nest lengste motorvegen i USA; Interstate 70. Den gjeng frå Baltimore til California, ei strekning som tilsvarar svimlande 3484 km, noko som er nesten to gongar avstanden mellom Lindesnes og Nordkapp.

I Frederick møtte vi organisten og gjekk ut for å ete lunch. Vi hadde litt dårleg tid, men vi rakk å ete ein fantastisk treretter. Var ikkje så dyrt heller.

Konserten var i Calvary United Methodist Church, for ein fullsett sal. Eg var bladlus for organisten. Det var ein fantastisk konsert med masse kjent og kjær musikk for trompet og orgel. Etter konserten skulle alle helse på utøvarane, så stakkars Andrew og Felix måtte stå og snakke med fans i 2 timar. Til og med eg fekk mykje skryt for jobben eg gjorde. Eg var ein veldig stabil og dyktig notebladar. Det blir litt overfladisk spør du meg. 

Etterpå sat eg på med Felix tilbake til Baltimore. Min lærer Andy skulle ut å reise, så eg skulle passe hunden imens. Så Søndag kveld var Tomas ute på joggetur, med ein gal hund som lokomotiv, gjennom Baltimores gater. 

 No har kvardagsfreden senka seg igjen, og eg er i gang med øving og jobbing. Dagens musikktips er siste sats (Sehr behaglich) frå Gustav Mahler 4 symfoni med tilnamnet "Das himmlische Leben". Symfonien skildrar ei fantastisk reise til himmelen, og er ganske lett og delikat orkestrert i forhold til dei andre svære monumentale Mahler-symfoniane. Den siste satsen handlar om reisas mål: himmelriket. Sopransolisten syng om alt det vakre i himmelen, og alt er berre fryd og gammen. Oppbyggande musikk! Kos dokke!

Ha ei flott ny arbeidsveke!

Tomas

2 kommentarer:

  1. Flott Tomas. Kar he du fått skriveeigenskapane dine frå ? Paps

    SvarSlett
  2. Rettskrivingsfunksjonen på word.

    SvarSlett