onsdag 25. november 2009

Handletur

I dag har eg og Kenny, som og er trompetist, vore på ei lengre utflukt opp til Pikesville for å handle på Trader Joe’s. Trader Joe’s er ei lita matvarekjede som lagar sine eigne heiløkologiske varer, og dei har eit fantastisk utval av gode råvarer til ei mykje lågare prisklasse enn det ein finn i Baltimore City. No har eg fylt opp kjøleskapet og frysaren med ferske egg, mykje kjøtdeig, kylling og fisk, så no har eg middagar fram til jul. I tillegg kjøpte eg ein god del frukt og grønt, så livsstilen blir ekstra sunn dei siste to vekene før eg reiser heim. (Pappa; Banan og Eple av fantastisk kvalitet til rundt 4,50 kroner kiloen er billeg, sant?) Eg fann og skikkelig grovmjøl, so i morgon skal eg prøve å lage ei brøddeig. Det blir spanande.

For å kome til Trader Joe’s måtte me først ta t-bane i 25 minutt, for so å byte til buss. Vi var so smarte at vi reiste midt i rushtida, so alt tok mykje lengre tid enn planlagt. På reisa oppover brukte me faktisk nesten to timar, medan reisa ned igjen var unnagjort på 40 minutt. Ein lærer heldigvis av sine feil.

Det var uansett godt å endeleg finne skikkelege råvarer utan allslags rare tilsetningsstoff. 

I morgon skal eg og nokre vener opp til ein kamerat i Towson for å feire Thanksgiving. Har høyrt at han er ein fantastisk kokk, så det blir nok ein heilaften. Det blir kjekt å sjå kva denne høgtida gjeng ut på!

I går måtte eg takke nei til ein trevekers kinaturnè med eit amerikansk orkester i jula. Det blei for kort varsel, so eg fekk det ikkje til å gå opp med allereie lagde planar heime i Noreg. Det var ei tung og sur avgjersle, men det blir uansett godt med ei rolig jul heime på sunnmøre.

                                    Ein glad Kenny i ei rulletrapp ned..

                                         ...for å ta t-bana opp til...

                      ...trader joe's i Pikesville, der ein fornøgd Tomas fylde opp handlevogna for ein billeg penge. Eg blei ekstra glad då...

                                   ...eg fann norsk ost i kjøledisken!



Dette var ein fin måte å bruke ein regnfull Onsdags-ettermiddag på.

søndag 22. november 2009

Veke 47

Søndag er blitt den faste bloggskrivingsdagen, og her kjem ei lita oppdatering frå vekas begivenheiter på den amerikanske austkysten.

Det er ikkje mykje som minner om november her. Veret er stabilt nydelig fint, og det har vore fleire dagar med t-skjortevèr denne veka. Blir ein stor overgang og kome heim til Noreg på juleferie om vel to veke. Julestrida er i full gong, med juletre, lys og juletilbod, men eg klarer ikkje å forstå alvoret sidan veret er så bra. Kan ikkje sjå for meg ei jul med sol og 16 varmegrader. 

Fredag hadde eg ein dagstur til Philadelphia. Der gjekk eg først innom det store kjøpesenteret Macy’s. Ikkje for å handle, men for å sjå verdas største orgel $som utruleg nok er plassert der. Dette orgelet har 408 stemmer, noko som tilsvarar nesten 30 000 piper. Den største pipa er over 20 meter lang, og den minste på størrelse med ei knappenål. Orgelet er bygt over 6 heile etasjar langs sørveggen i bygningen, og er eit monumentalt syn. Noregs største orgel, som er i Nidarosdomen har til samaligning 120 stemmer.. Eg fekk høyre ei kort liten konsert på dette orgelet, men sidan kjøpesenteret var ope kunne ikkje organisten spele sterkt. Uansett var det heilt utruleg å høyre klangvariasjonane eit slik enormt instrument kan lage.

Etter ein liten time på kjøpesenteret gjekk eg for å høyre Mahler 7. symfoni med Philadelphia Orchestra. Var nok ikkje den beste konserten Philadelphia Orchestra har gjort, men eg kosa meg. Dei har ein fantastisk konsertsal i Kimmel Centre i Philadelphia! 

Elles har det ikkje skjedd så mykje spesielt denne veka. Eg lev livet, har mykje inspirasjon, og gler meg til å reise heim til Noreg for å møte familie og venar. På Torsdag er det thanksgiving. Det blir ei morosam oppleving. 

Ha det godt alle saman.


                                      Verdas største orgel. Eit vakkert skue.

                                                Philadelphia street view.

   

                           Baltimore 22. November. Ikkje mykje som minner om vinter her..  

søndag 15. november 2009

The City that Never Sleeps








I helga har eg vore i New York og hatt det heilt fantastisk. Det store høgdepunktet var konserten med Berliner Philharmoniker med dirigent Sir Simon Rattle i Carnegie Hall på fredagskvelden. Eg er mektig imponert over kor mykje kvar og ein av musikarane i dette orkesteret, som eg meinar er verdas beste, gir når dei er på scena. Der er ingen svake ledd. Alle er så utruleg fokusert, og har ei inderlig stoltheit av å få spele med dette orkesteret. Det høyrer en igjen i energien og presisjonen i alt dei spelar! Dirigenten var og imponerande, og dirigerte sjølvsagt heile programmet utanat. Han pirra musikarane til å gi endå meir, heile vegen, og gav solistane full tillit og moglegheit til å lede orkesteret i si eiga musikalske tolkning. Dirigentar er ofte kontrollfrikar, og vil ha kontroll over alt og alle. Etter mi meining gjer dette at orkestera høyres litt stivare og flatare ut. Musikk er jo noko alle menneske har i kroppen heilt naturleg, så kvifor ikkje lat folk få uttrykke seg. Mine favorittdirigenter er faktisk desse som ikkje gjer så mykje utav seg og stolar på at musikerane gjer jobben sin. 

Ein annan ting Sir Rattle gjorde var å halde dynamikken tilbake det meste av tida, og spare dei store høgdepunkta til der det virkeleg skal vere store høgdepunkt. Dette skapar ei enorm utblåsning, og dei taktene orkesteret spelte i full fortissimo denne kvelden er nok dei mektigaste taktene eg har haurt i mitt liv. Dei løfta meg ut av setet, og plasserte meg trygt tilbake, og tårene trilla.

No blei eg fryktelig emosjonell her, men eg håpar dykk skjønar mi begeistring. Musikk er jo følelsar!

Men for å ta helga frå starten av: Fredag morgon tok eg buss frå Baltimore, og var i New York rundt middag (når eg seier middag, meinar eg sjølvsagt klokka 12.00). Eg sette meg på t-bana, fann hotellet og sjekka inn. Det var det billigaste hotellet som var tilgjengeleg når eg bestillde, så komforten var ikkje det heilt store. Utanfor rommet mitt låg eit halvrote rottekadaver med tilhøyrande lukt, så det første eg gjorde var å late igjen vindauge og håpe på at stanken ville gje seg til kvelden.

Etter ein liten halvtime på auget gjekk eg for å møte ein kamerat til lunch. Han visste om ein japansk restaurant med tidenes lunchdeal! Sushi, oksekjøt, salat, ris, eggrullar, sausar i ei skjøn foreining. Det var himmelsk godt! Etter dette gjekk eg omkring i byen og såg meg om. Dette var fjerde gongen eg var i New York, men det er alltid nye plassar og utforske på Manhattan, sjølv om veret denne dagen var fryktelig dårleg. Etter nokre timar reiste tilbake til hotellet og gjorde meg klar for konserten. 

Eg møtte opp i Carnegie Hall i god tid, og sette meg inn i kafeen og fekk meg noko mat og mingla med eldre, velståande konsertgjengarar. Alle skryt over Noreg og kor mykje slekt dei har der, og spesielt svært er det at eg spelar eit instrument! Eg fekk nok mange stjerner i boka den kvelden.

Konserten var som sagt heilt fantastisk, sjølv om eg kunne ønske at eg hadde eit anna sete. Men når eg ringte og bestillde på måndag var det den einaste som var ledig, og då kunne eg ikkje takke nei. 

Merkelig det der; dei dårlegaste plassane, som eg meinar er nede på golvet, eller parketten som det heiter på fint, er dei dyraste. Dei plassane eg likar best, lengst mogleg opp og lengst mogleg bak i konsertsalen, er dei billigaste. Kanskje det er eit salstriks? At når ”fiffen” ser at parkettplassane er dei dyraste, kjøper dei desse plassane bere for å vise seg fram? Eg synes lyden der nede er ubalansert, og klangen for lys. I toppen, der eg likar å sitte er lyden mykje møkare, klarare og sentrert. I tillegg både ser og høyrer ein alle instrumentgruppene tydelig og godt. Eg er glad for at desse er billege eg.

Ein annan tanke: Kvifor betalar folk hundrevis av dollar for å høyre Berlin, for så å sovne under konserten? Han eg sat vedsida av, ein eldre herremann av kinesisk ætt, måtte eg ved fleire høve dulte borti for å vekke og seie hysj. Snorking og musikk er ein dårleg kombinasjon.

Etter konserten møtte eg ei bekjent frå Oslo med venar, som var på besøk i New York i helga. Var godt å få prate litt norsk igjen! Då eg kom tilbake til hotellet var rottelukta vekke, og eg fekk ei god natts søvn. 

Laurdag vakna eg tidleg og øvde litt på trompeten. Først med mute på rommet, so fekk eg etterkvart låne eit slags kott nede i kjellaren på hotellet. Etter det gjekk eg ut for å ete frukost. Fann ein kafé som serverte engelsk frukost. Det er så godt av og til, og ein kan leve på den i timevis! På dagtid laurdag veit eg eigentleg ikkje kva eg gjorde. Eg rusla omkring og såg i butikkar, handla litt, og plutselig var klokka fem. Eg reiste tilbake til hotellet og tok ein dusj, og gjorde meg klar for å gå på konsert med New York Philharmonic. Grunna lite tid åt eg på Burger King(Ø), og rakk konserten akkurat. Det blei faktisk ein liten nedtur å høyre New York denne kvelden. Dei hadde ein ukjent, ganske dårleg dirigent, og masse vikarar i orkesteret. Faktisk var det berre ein av stemmeleiarane som jobba denne veka, alle andre var alternerande og vikarar. Det seier vel mykje om kva dei syns om dirigenten trur eg. Men herlighet; New York er eit fantastisk orkester, og dei spelte mykje fin musikk(les: Sibelius 1. symfoni)

Søndag morgon tok eg t-bana ned til 52. gate og gjekk på gudsteneste i sjømannskirka. Det er alltid kjekt å kome dit. Masse kjekke folk, god mat, god kaffi og litt åndelig påfyll. Eg fekk endelig kjøpe meg to boksar makrell i tomat, og litt freia-sjokolade. Etter ein rask kyrkjekaffi sprang eg og rakk bussen akkurat. Etter tre timar var eg tilbake i Baltimore. No er nett ferdig med mitt første makrellmåltid i haust. Det er verdas beste pålegg. Utan tvil!

I dag må dykk høyre Brahms 4. symfoni, 1. Sats. Denne spelte Berlin i New York, noko so er ein av dei største konsertopplevingane eg har hatt! Dette er den siste symfonien til Johannes Brahms. Han brukte årevis på kvar symfoni, og var kanskje den største perfeksjonisten i musikkhistoria. Han forandra og forandra, og gav seg ikkje før han synest alt var heilt perfekt. Høyr på denne symfonien. Alt er så gjennomarbeida og symmetrisk. Ingenting er late til tilfeldegheitene her!

Ha ei fantastisk veke alle saman!

mandag 2. november 2009

Halloween

På laurdag var det Halloween. Det var ein utruleg kjekk oppleving. Tidleg på dagen gjekk alle ungane rundt frå dør til dør og spurte etter snop i kostymene sine, og Seinare på kvelden var det dei vaksne sin tur å feire. Eg var på Fells Point i Baltimore, som er ei av dei største Halloweenfeiringane i landet. Denne dagen var og gebursdagen til ein venn av meg som heiter Bryan. Difor møttes vi ein gjeng klokka 7 på ein restaurant og åt ein god middag og kosa oss i dei flotte kostyma våre. Eit par timar seinare gjekk vi ut på gata. Der var det stappfullt av galne, fulle folk i all verdas kostymer. Enorm stemning, og mykje leven. Folk seier at det er den største utedagen i Amerika, og eg blei fortalt at 2 – 300 000 menneskjer er på Fells point og feirar halloween. Etter å ha gått litt rundt omkring enda vi opp på ein privat fest til ein bekjent av ein bekjent eller noko. Der var det folk frå tre leiligheter i første etasje av ein bygard som hadde gått saman om å lage ein enorm fest. I tillegg til å føregå inne i dei tre leilighetene, var det laga og laga til i bakgarden med gratis øl og presenning til å halde regnet vekke. Utrulig at folk opnar heimane sine for 100 galne festlystne ungdommar. Men det var kjekt! Klokka eitt om natta fekk eg tilbod om transport heim, noko eg takka ja til då eg skulle ut å reise dagen etterpå. Eg fekk stille klokka ein time tilbake, slik at eg fekk ein velfortent time ekstra søvn. No er det vintertid i Amerika og!

 Eg synes halloween er ein festlig tradisjon. Det beste av alt er at den er så lite kommersiell. Ein treng verken sende halloweenkort, kjøpe halloweengåver eller synge halloweensongar. Du skal rett og slett berre vere galen for ein kveld, og ha ein kjekk fest. Eg trur alle har godt av det ein gong i blant.

Søndag var eg så heldig å få vere med til ein liten by i Maryland som heiter Frederick. Der skulle læraren min spele ein kyrkjekonsert med ein fantastisk organist. Klokka 11 tok vi fatt på den 45 minutts lange køyreturen, som faktisk mesteparten av tida føregjekk på den nest lengste motorvegen i USA; Interstate 70. Den gjeng frå Baltimore til California, ei strekning som tilsvarar svimlande 3484 km, noko som er nesten to gongar avstanden mellom Lindesnes og Nordkapp.

I Frederick møtte vi organisten og gjekk ut for å ete lunch. Vi hadde litt dårleg tid, men vi rakk å ete ein fantastisk treretter. Var ikkje så dyrt heller.

Konserten var i Calvary United Methodist Church, for ein fullsett sal. Eg var bladlus for organisten. Det var ein fantastisk konsert med masse kjent og kjær musikk for trompet og orgel. Etter konserten skulle alle helse på utøvarane, så stakkars Andrew og Felix måtte stå og snakke med fans i 2 timar. Til og med eg fekk mykje skryt for jobben eg gjorde. Eg var ein veldig stabil og dyktig notebladar. Det blir litt overfladisk spør du meg. 

Etterpå sat eg på med Felix tilbake til Baltimore. Min lærer Andy skulle ut å reise, så eg skulle passe hunden imens. Så Søndag kveld var Tomas ute på joggetur, med ein gal hund som lokomotiv, gjennom Baltimores gater. 

 No har kvardagsfreden senka seg igjen, og eg er i gang med øving og jobbing. Dagens musikktips er siste sats (Sehr behaglich) frå Gustav Mahler 4 symfoni med tilnamnet "Das himmlische Leben". Symfonien skildrar ei fantastisk reise til himmelen, og er ganske lett og delikat orkestrert i forhold til dei andre svære monumentale Mahler-symfoniane. Den siste satsen handlar om reisas mål: himmelriket. Sopransolisten syng om alt det vakre i himmelen, og alt er berre fryd og gammen. Oppbyggande musikk! Kos dokke!

Ha ei flott ny arbeidsveke!

Tomas