tirsdag 20. oktober 2009

Rutiner

 Det er utruleg kor raskt ein kjem inn i nye rutiner. For seks veker sidan var ALT heilt nytt, og allereie no har eg eit rutinefyllt daglegliv i Baltimore. Det er nesten trist å seie det. Eg står opp klokka åtte, trenar ein halvtime, et frukost, og startar øvinga klokka ni. Klokka eitt gjeng eg ut  og finn på noko i ei par timar, før eg startar å øve igjen klokka tre. 

Eg har til og med greidd å venje meg til daglegvarene her borte. Du har sikkert høyrt at alt er så stort i Amerika. Og det stemmer. Sjampo kjem i literflasker. Du fer ikkje mjølk i mindre enn 2,2 literkartongar. Dei har ikkje vanleg ost (les: Norvegia), og ostehøvlane deira er kanskje ein av dei minst geniale oppfinningane eg har vore borti. Anten så øydelegg ein osten, eller så blir skivene 1,8 cm tjukke. Ø!

Det eg kanskje saknar mest av alt er makrell i tomat. Eg har ikkje sett noko som liknar ein gong! Eg har spurt familien heime om å sende nokre boksar, men det hadde vel blitt stoppa i tollen. Ein kan vel ikkje importere slike ting inn hit. Eller? Ein skikkeleg fiskemiddag hadde og vore godt, men legane på austkysten frårådar faktisk folk til å ete fersk fisk pga. forureining. Så det einaste eg et er sushi, og norwegian smoked salomon.

Veret er heilt utruleg. Det er full sommar igjen no. Temperaturen ligg på 23 grader, noko som er heilt uverkeleg for ein sunnmøring når kalendaren viser 21. Oktober. 

I går gjekk eg ein lang tur rundt om i byen og kosa meg i sola. Eg enda opp i ein park som heiter Federal Hill Park som har ei flott utsikt mot downtown Baltimore. Det er faktisk ein flott by! Eg legg ved nokre bilete under her.

I tillegg så har læraren min vore i Canada ei stund no, so det skal bli kjekt å få ein trompettime igjen i dag. Denne veka skal orkesteret her spele Beethoven, så dagens musikkanbefaling blir første sats av Beethovens 7. symfoni, Poco sostenuto – Vivace. Beethoven er komen langt i utviklinga av den symfoniske forma her (symfonien er skrive i 1911), noko ein spesielt høyrer i den unormalt lange innleiinga, før hovudtemaet kjem. Dette var banebrytande på denne tida, då det klassiske idealet etter Haydn og Mozart, med den klassiske sonatesatsforma blei sett på sem det einaste rette innan klassisk komposisjon. Beethoven var ein tøffing, og ikkje minst ein særing som jobba heile livet med å utvide denne forma, noko som gjer han til ein av dei viktigaste, og den mest banebrytande komponisten i musikkhistoria. Han var også den første frie komponist. Tidlegare komponistar var tilsett som komponistar og kapellmeistrar i hoff, kyrkjer eller hos fyrstar, og skreiv difor musikk på bestilling. Beethoven derimot fekk kunstnarlønn frå staten, og sto difor frtti til å komponere akkurat det han ville. Takk og lov for det! Kva hadde livet vore utan Beethoven. Så kjære lesar, legg deg ned på sofaen, ta deg ei øl, eit glas vin, eller kva anna du måtte sette pris på, og nyt eit kvarter med fantasisk musikk medan du reflekterer over livet og kor godt vi har det.

                                           Skarp sol, men ein flott dag.

                                                     Street view

                         Meg på toppen av Federal Hill Park, med ei fantastisk utsikt.

                                                  Ein liten kompis

                                                Baltimore City Hall

2 kommentarer:

  1. Du kan få tilsendt så og si alt av mat der borte.. Mange jeg kjenner som har fått tilsendt makrell i tomat og brunost og sånt:) høres ut som du har det konge der borte!

    SvarSlett
  2. Takk for info! Her er alt fantastisk bra. Regnar i dag då. Det er litt drit. Håper alt er bra i Stavanger og.

    SvarSlett