Søndag er blitt den faste bloggskrivingsdagen, og her kjem ei lita oppdatering frå vekas begivenheiter på den amerikanske austkysten.
Det er ikkje mykje som minner om november her. Veret er stabilt nydelig fint, og det har vore fleire dagar med t-skjortevèr denne veka. Blir ein stor overgang og kome heim til Noreg på juleferie om vel to veke. Julestrida er i full gong, med juletre, lys og juletilbod, men eg klarer ikkje å forstå alvoret sidan veret er så bra. Kan ikkje sjå for meg ei jul med sol og 16 varmegrader.
Fredag hadde eg ein dagstur til Philadelphia. Der gjekk eg først innom det store kjøpesenteret Macy’s. Ikkje for å handle, men for å sjå verdas største orgel $som utruleg nok er plassert der. Dette orgelet har 408 stemmer, noko som tilsvarar nesten 30 000 piper. Den største pipa er over
Etter ein liten time på kjøpesenteret gjekk eg for å høyre Mahler 7. symfoni med Philadelphia Orchestra. Var nok ikkje den beste konserten Philadelphia Orchestra har gjort, men eg kosa meg. Dei har ein fantastisk konsertsal i Kimmel Centre i Philadelphia!
Elles har det ikkje skjedd så mykje spesielt denne veka. Eg lev livet, har mykje inspirasjon, og gler meg til å reise heim til Noreg for å møte familie og venar. På Torsdag er det thanksgiving. Det blir ei morosam oppleving.
Ha det godt alle saman.

Verdas største orgel. Eit vakkert skue.
Philadelphia street view.
Baltimore 22. November. Ikkje mykje som minner om vinter her..

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar