mandag 25. januar 2010

The Finals

I går var det visst ein stor dag for amerikanarane. Heile dagen fekk eg spørsmålet: ”Are you going to watch the games?” Eg såg spørjande på dei, å svarte “No, I don’t think so..” Men etter litt research kom eg fram til at det var finalar i den amerikanske fotballigaen.


Ei kort innføring i systemet: 


National Football Leauge (NFL) er hovudforbundet innan amerikansk fotball. Det har to undergrupper, National Football Conference (NFC), og American Football Conference (AFC). Vinnarane av desse to gruppene møtes i Superbowl-finalen den første søndagen i Februar.

 

Tidleg på dagen var det finale i NFC. Då spelte Indianapolis Colts mot New York Jets, og The Colts vann 30 – 17. Finalen i AFC gjekk seinare på kvelden. Då skulle New Orleans Saints og Minnesota Vikings møtes. Eg ringde ein kamerat, som eg visste var fotballinteressert, og spurte om hadde nokre planar. Det hadde han ikkje, så vi møttes og eg såg min første heile amerikanske fotballkamp. The Vikings er oppattkalla etter våre forfedre, Vikingane. I tillegg er Minnesota tjukkaste norsk-amerika, så eg  bestemde meg for at det må vere dei eg skal halde med. Tida gjekk, og lite skjedde. Dei spelar 4 kvarter med fotball, altso ein time med effektivt spel. Problemet er berre at denne sporten ikkje er effektiv i det heile tatt. Dei gir alt i 10 sekund, så blir det enten straffe, eller time-out. Då ser sjølvsagt tv-selskapa muligheita til å tjene seg nokre kroner, så dei fyrer laust med reklame. Nesten fire timar tok det å fullføre desse skarve 60 minutta med fotball, og utruleg nok, til mange si store glede, var det uavgjort, 28-28, etter full tid. Då måtte det bli ekstraomgangar. Eg fekk ikkje heilt med meg kva det gjekk ut på, men det var ei eller anna form for Golden Goal, der førstemann til å score eit field-goal vann heile kampen. Uansett så scora ein unggut på The Saints eit flott mål etter ei stund, og dei blei vinnarane av AFC. Dette førte til at superbowl-finalen 2010 står mellom The Colts og The Saints i Miami den 7. Februar. Utruleg nok so gler eg meg til å sjå den kampen. Det er noko av det største som skjer i Amerika heile året. Folk gjeng mann av huse for å sjå kamp på storskjerm rundt om kring i byane. Det er til og med ein merkedag i kalenderåret. Alle amerikanske kalendrar har notert ”Superbowl” på den 7. februar. Det er noko for seg sjølv!

 

No må eg tilbake på øvingsrommet.

 

Ha det godt!


P.S. Barokkmusikk, og då kanskje spesielt Bach, er nokre energibomber av dei sjeldne, og Orkestersuitene hass er intet unntak. Eg synes den 3. orkestersuita er eit godt eksempel på det. Den andre satsen, Air, har alle haurt, men ta å høyr litt på dei andre satsane og. det er flott musikk!!

Camerata Rhenania – Suite For Orchestra No. 3 In D Major, BWV 1068: I. Overture

torsdag 21. januar 2010

Nytt år, nye moglegheiter.

Hei kjære lesarar, og godt nyttår.


Eg er tilbake i Baltimore(har vore her ei veke no) etter ei fantastisk jul heime med vener og familie. Det er godt å vere tilbake og ha komt i gjenge igjen. Dessutan er vèret upåklageleg, og våren har starta sitt inntog. 


Berre eit problem: eg har ikkje peiling på kva eg skal blogge om. Eg er heilt tom for idèar. Så kjære lesar; kva vil du lese om? Ver så snill og kom med tips og spørsmål i kommentarfeltet, slik at eg kan oppdatere om det Dykk lurar på. Eg kunne sjølvsagt skrive eit innlegg om mine store interesser; flyplassar, flytypar, men eg tvilar vel på at akkurat det fell i smak..


Uansett: Eg har det bra, og turen over atlanteren gjekk veldig greit. Fly er igrunn ein sytalaus måte å reise på om ein ser vekk ifrå all køståing og venting på flyplassane. Men det er utruleg kva ein kan venne seg til!


Heime i jula fekk eg gode tilbakemeldingar på musikktipsa mine, så eg vonar å halde fram med det også dette halvåret. Sidan våren er komen til Baltimore, synes eg det er på ein plass å leite fram Schumann symfoni no. 1 "Vårsymfonien". Den siste satsen er ein sprudlande gledessats, som fer meg til å kjenne den gode vårlufta sive inn gjennom nasa mi. Eg er veldig kresen på Schumann-innspelingar. Han var nemlig ein mykje betre musikar enn orkestrator, noko som gjer at det er vanskelig for eit orkester å få musikken hans til å klinge bra. Det krever ein god og pirkete dirigent som klarer å få fram det beste i alt. Daniel Barenboim er ein slik ein, så for dei av Dykk som har spotify er følgande innspeling eit meget heitt tips etter min smak:

Daniel Barenboim & Staatskapelle Berlin – Schumann : Symphony No.1 in B flat Major Op.38, 'Spring' : IV Allegro animato e grazioso  


Tomas