lørdag 10. april 2010

Besøk frå heimen

Kjære Dagbok!


Å hei som tida går! Og ja.. Eg har blitt ein dårleg bloggar! No er det over to månedar sidan siste blogginnlegg, og gjett om her har skjedd mykje sidan den tid! Her kjem eit kort resumé:


Snøven reiste fort, og før eg visste ordet av det var våren komen. I februar reiste eg til New York og høyre concertgebouw orchestra. Selvfølgelig nok ein enorm opplevelse for ein spjæl guthyn frå Sykkylven. Det orkesteret får fram nokre så klare å reine klangar som eg ikkje trur det fins maken til i denne vide verda.


Nokre veker seinare fekk eg ein telefon frå Towson University, med spørsmål om eg ville spele/lede ein messingkvintett der oppe. Selfølgeleg ville eg det! Så no reiser eg opp dit kvar Måndag og Onsdag og prøvar å lære frå meg noko, i tillegg til å spele flott musikk saman med 4 andre kjekke karar. Eg har min første konsert med dei på Tysdag, so det blir spanande!


I midten av mars gjekk min Store draum i oppfylling. Eg sat heime ein vanleg, grå ettermiddag, og plutselig fekk eg ein telefon frå eit ukjent nummer. Eg tenkte at det var nokon som ringde feil, slik som det pleiar å vere, men denne gongen var det faktisk meg dei skulle ha tak i. Det var ein telefon frå Baltimore Symphony Orchestra. Dei spørte om eg ville vere med og spele med dei om to veker. Eg takka selfølgeleg ja!


Dagen etterpå henta eg notane mine, og byrja forberedinagane. Og plutselig sat eg der, på første orkesterprøve i Meyerhoff Symphony Hall. Eg var ganske nervøs den morgonen, men med ein gong eg kom på scena, var alle dårlege tankar gøymt! Å spele med slike fantastiske musikerar er berre så utruleg inspirerande! Det er på ein måte så enkelt, då alt gjeng av seg sjølv. Det er vanskeleg å forklare, men det er som å sette foten i ein gamal sko.

Du kjenner det passar med ein gong, som ein av musikerane så fint sa. Eg har hatt ei par utrulege veker i orkesteret no, og det er noko eg aldri kjem til å gløyme!


Så var tida komen for ein ny konsertopplevelse i New York: San Fransisco Symphony. Eg er så utruleg heldig som fer opplve alt dette!


Tida gjekk, og plutseleg var dagen komen; Mamma og Pappa skulle kome på besøk. Eg møtte dei på flyplassen, og tok dei med tilbake til Baltimore. Eg hadde lenge planlagt kva me skulle gjere, og hovudtemaet blei sjølvsagt mat. Det blei vellykka, og eg trur dei hadde 10 kjekke


dagar her på den amerikanske austkyst. I tillegg til å ete, gjekk vi blant anna på konsert med orkesteret, på musical i New York, vi levde livet i Baltimore, og rusla rundt i Washington D.C. Veret var vi og heldige med. Vi starta med nokre sure dagar i New York, men heldigvis fekk dei oppleve kva våren i Baltimore kan vere. 1. Påskedag foreksempel, hadde vi over 30 grader og sol, og temperaturen steig endå meir utover veka. Han far hadde ikkje pakka med seg lyse t-skjorter, så vi måtte skonde oss på t-skjorteshopping før han køvna.




















Vi avslutta opphaldet deira med ein kjempemiddag på ein flott fiskerestaurant. Eg samla saman trompetistane i orkesteret m/familiar og nokre venar av meg, slik at mine føresette fekk møte nokre av dei eg tilbringer mest tid med her borte. Alt var fantastisk den kvelden, men to av oss åt nokre rå østers som me måtte kjempe med i eit par døgn. Matforgiftning er ikkje nokon spøk!


Men mine kjære foreldre slapp heldigvis den delen av opplevelsen, og kom seg trygt heim til Sykkylven til planlagt tid.




















Fer håpe det ikkje blir like lenge til neste blogginnlegg no..!


Nyt våren!!


Med gode ynskjer og vennleg helsing

Tomas

4 kommentarer:

  1. Kjekke dagar med flotteopplevingar Tomas. Takk skal du ha. Paps

    SvarSlett
  2. Wow! Har du spelat med Baltimore!!! Heldiga du! Hade jag pengar skulle jag komma och besöka dig! Hoppas du har det bra! / Linnéa

    SvarSlett
  3. Kor kjekt med oppdatering igjen, Tomas. Og sanneleg, du får det til du altså!

    SvarSlett