tirsdag 16. februar 2010

Besøk, brass og Biljard



Hei Igjen!

Det blir lenger og lenger mellom kvar oppdatering, men det er vel eit teikn på at eg har det kjekt.


Sist veke hadde eg besøk frå Noreg. Rune Bergmann kom å budde hjå meg i nokre dagar. Han
skulle til amerika på eit møte, og tok likesågodt turen til Baltimore. Desverre kom han midt i
snøkrisa, slik at eg fekk ikkje vise han alt eg ville, men han fekk med seg ei orkesterprøve, eit møte med trompetistane og dirigenten i bso, i tillegg til litt ekte amerikansk mat og drikke. Han fekk og spele trioar saman med Andrew Balio. Det er noko å skrive heim om..! Vi rakk og ein snartur til Washington DC for å sjå på huset til Obama. Han var desverre ikkje heime, men eg meinar bestemt at eg såg hunden hans var på luftetur i bakgården. Vi hadde planlagt å gå på konserten til Baltimore Symphony i DC den kvelden, men den blei desverre avlyst på grunn av snøfallet. Trist at Rune ikkje fekk med seg ein konsert, men eg trur han hadde det kjekt uansett.

Det har vore ei par veke med skikkeleg vintervér her no. Sur vind å mykje snø. No er heldigvis våren på innmarsj igjenn, og eg regnar med at byen er snøfri i løpet av veka. Dette har vore det største målte snøfallet i Baltimore i historia, med over ein meter på to døgn. Alt er stort i Amerika.

Eg har starta å spele biljard! Jon inviterte meg med på ein biljardkveld, og det var faktisk
utruleg kjekt! No held eg på å lære meg forskjellige typar spel og reglement, og håpar å reise opp på biljardklubben av og til å prøve å bli betre. Kjekt med ein hobby!

På onsdag reiser eg og Gabriel til New York for å høyre Royal Concertgebouw orchestra med Mariss Jansons i Carnegie hall. Dei skal spele Mahler 3. symfoni, noko som eg gler meg veldig til. Eg kjem tilbake med bilete frå denne turen seinare i veka.

Forrige veke fekk eg også den svært etterlengta macbooka mi, so no er ventetida over, og det nye livet har starta. Dette er magi!!



Eit bilete av to kjekke karar, Tomas, og Andy (min trompetlærer).

Dagens lyttetips er femtesatsen frå Mahler´s 3. symfoni. Dette er den lengste symfonien i standardrepertoiret. Med seks satsar, og ei framføringstid på nesten ein og ein halv time, er dette ei lang reise gjennom heile livet. Den er delt i to delar. 1. sats, som er den lengste (på nesten 40 minutt) har tilnamnet Sommarens innmarsj. Den andre delen som er dei 5 sise satsane har titlane:
1. "What the Flowers on the Meadow Tell Me"
2. "What the Animals in the Forest Tell Me"
3. "What Man Tells Me"
4. "What the Angels Tell Me"
5. "What Love Tells Me"


Den femte satsen har med gutekor, sopransolist og damekor, og er heilt klart den lysaste og gladaste satsen i denne elles så melankolske symfonien.

Nyt noko av det lettaste og lystigaste Mahler skreiv.


Ha ei god veke, og la oss no håpe at Norge klarar å kjempe til seg nokre gullmedaljar i Vancouver.

Tomas




3 kommentarer:

  1. Har du också blivit med Mac? Är det inte underbart? Väl man har bytt fra Pac til mac kan man aldri byta tillbaka! :) Linnéa

    SvarSlett
  2. Takk, Onkel!

    Ja. Det er sant, Linnéa. Eit nytt liv, og det føles fantastisk godt!

    SvarSlett