torsdag 21. januar 2010

Nytt år, nye moglegheiter.

Hei kjære lesarar, og godt nyttår.


Eg er tilbake i Baltimore(har vore her ei veke no) etter ei fantastisk jul heime med vener og familie. Det er godt å vere tilbake og ha komt i gjenge igjen. Dessutan er vèret upåklageleg, og våren har starta sitt inntog. 


Berre eit problem: eg har ikkje peiling på kva eg skal blogge om. Eg er heilt tom for idèar. Så kjære lesar; kva vil du lese om? Ver så snill og kom med tips og spørsmål i kommentarfeltet, slik at eg kan oppdatere om det Dykk lurar på. Eg kunne sjølvsagt skrive eit innlegg om mine store interesser; flyplassar, flytypar, men eg tvilar vel på at akkurat det fell i smak..


Uansett: Eg har det bra, og turen over atlanteren gjekk veldig greit. Fly er igrunn ein sytalaus måte å reise på om ein ser vekk ifrå all køståing og venting på flyplassane. Men det er utruleg kva ein kan venne seg til!


Heime i jula fekk eg gode tilbakemeldingar på musikktipsa mine, så eg vonar å halde fram med det også dette halvåret. Sidan våren er komen til Baltimore, synes eg det er på ein plass å leite fram Schumann symfoni no. 1 "Vårsymfonien". Den siste satsen er ein sprudlande gledessats, som fer meg til å kjenne den gode vårlufta sive inn gjennom nasa mi. Eg er veldig kresen på Schumann-innspelingar. Han var nemlig ein mykje betre musikar enn orkestrator, noko som gjer at det er vanskelig for eit orkester å få musikken hans til å klinge bra. Det krever ein god og pirkete dirigent som klarer å få fram det beste i alt. Daniel Barenboim er ein slik ein, så for dei av Dykk som har spotify er følgande innspeling eit meget heitt tips etter min smak:

Daniel Barenboim & Staatskapelle Berlin – Schumann : Symphony No.1 in B flat Major Op.38, 'Spring' : IV Allegro animato e grazioso  


Tomas




4 kommentarer:

  1. Ta bilde frå Donna og skriv om den og folket der ;-)

    paps

    SvarSlett
  2. Veldig bra med musikktips med direkte link til Spotify :-)
    Kanskje du vil ha litt musikktips tilbake?
    I så fall er dette en liten storband-godbit av Michel Camilo: http://open.spotify.com/track/4MgcV76H8xKWuJSlCi3NdL ev: spotify:track:4MgcV76H8xKWuJSlCi3NdL

    Hilsen Børre

    SvarSlett
  3. Det kjekke med at du er attende i utlandet er at då blir det bloggings får deg igjen. :)

    Musikktips er finfint, spesielt no som eg også har vorte ei kvinne av tida og har fått meg spotify. (Når kjem det ei klamt, fornorska namn på det tru? Folk kallar facebook fjesbok/fjasbok/andre-ekle-og-teite-namn...)

    Likar også når du jamfører Amerika og Noreg.

    SvarSlett
  4. Takk for kommentarar!

    Supert med musikktips Børre. Hald fram med det! ;)

    Gratulerer med spotify, Lisa! Trur nok spøttifey e d nærmaste en kjem, eller?

    Her er ein link til mi topp 5-liste, om nokon er interesserte!

    http://open.spotify.com/user/tomast87/playlist/7GKzs2BjdKfGzUk2IrasaQ

    SvarSlett